HallingExpo har avhalde sitt årsmøte. Det har då etter fleire år kome nokre utskiftingar i styret.

Det nye styret består av (frå venstre): Audun Grynning, Hallingdal Kraftnett, Øystein Grøgård, Ålhytta, Torill Berdal, E-CO, Anne – Grethe Fremgaard, Fretex, Vera Magnussen, Sparebank1, Lars Riise, Hallingplast (leiar)

Næringsforeininga arbeidar vidare med rekrutteringsarbeid retta mot industriverksemdene i regionen. Likeins vil ein framleis drifte møteplassar for alt næringsliv i Hallingdal, som til dømes Vannhull Hallingdal og Hallingdalskonferansen. HallingExpo er ein pådrivar for generell næringsutvikling i både privat og offentleg regi.

Foreininga bidreg til å utvikle sterke og robuste næringsvilkår i regionen.

Framtidig fokusområde vil vere «INNOVASJONSLØFT HALLINGDAL».

HallingExpo er prosjekteigar for dette spesialtilpassa kompetanseprogrammet som er ope for verksemder i regionen.

Hovudmålet med denne satsinga vil vere å styrke innovasjonsevna og utviklingskrafta for Hallingdal.

Arbeidsmottoet er: «Hallingdal lyfter i lag»

Styret vil nytte høvet til å ynskje fleire nye medlemsbedrifter velkomen til foreininga!

Ta gjerne kontakt!